!!!!! KOPI - KOPI - KOPI - KOPI - KOPI!!!!!
Husk å kopiere dei digitale filane dine!
Alt som er digitalt er lett å kopiere, og tapar ikkje kvalitet for kvar kopiering.
For å sikre innhaldet er det viktig å kopiere til fleire USB minne,
og plassere kopiane i fleire hus eller i brannsikker safe.
Vi anbefaler våre kunder å kontakte oss på e-post som første alternativ.
Om du ønsker å prate med oss, kan du skrive telefon nummeret ditt i e-posten.
Om vi ikkje er til stades ved direkte levering, kan du når det måtte passe deg levere prosjektet ditt i ei merka raud plastkasse ved inngangen vår. Sjema for utfylling finn du på PDF fil under her, det kan du laste ned, fylle ut, og legge ved leveringa di.
Mottaks og leveringskassa blir sjekka dagleg.
Legg ved notat med desse opplysningane:
1. Navn
2. Adresse
3. Telefon
4. E-post
5. Andre opplysningar
Fyll ut - legg ved levering (pdf)
Last ned
Reklamasjon (pdf)
Last ned

"Fjordhesten - historia i film", Innvikfilmane, Langvinfilmen, og Utvikfilmen er nokre av dei lokalhistoriske filmane vi har produsert.
Desse filmane blir vist i vår minikino på bestilling. Maks plass til 8 personar pr. visning. Vi garanterar historisk opplevelse, med stort bilde og god lyd!
Ta kontakt!
Kyrkjevegen 25 - 6793 Innvik
Innvikfilm 1 - 2013 (Eigar Filmdigitalisering AS)
Innvik i mai - 2014 (Eigar Filmdigitalisering AS)
Innvikfilm 2 - 2015 (Eigar Filmdigitalis...
Kyrkjevegen 25 - 6793 Innvik

Last inn gratis VLC når du skal sjå dei digitaliserte filmane dine. Tar 4 til 5 minutt.
Trykk på linken : https://www.videolan.org/index.nb.html

Eit digitalisering-studio krev månge maskintypar for avspeling av alle dei historiske formata. her er også mykje ny skannerteknologi for alle formata som må rekonstruerast digitalt. Bilde syner litt av kablane som må til for å få signala til å gå frå kildemaskiner til datamaskiner og monitorar. Det er brukt noko tid bak alle reolane ,
for å få signala til å gå der vi vil!
Premien er fornøgde kundar, som får tilbake gløymde minner!

Den sjuande desember 2023 er det på dagen 10 år sidan ordføraren i Stryn på den tid, Sven Flo, klipte av ein 16mm film, og opna dei nye lokala til Filmdigitalisering! Takka vere Arve Østvold og Anders L. Hilde, blei det bygd studio, minikino, lager og verkstad i 2011-2012. Uten den innsatsen desse to la ned, hadde neppe Filmdigitalisering No eksistert i dag.

Historiefilmen om fjordhesten er teksta på engelsk, vi kan vise filmen med eller utan engelsk tekst. Ta kontakt med oss om de vil ha framsyning, så kjem vi og viser filmen i eigna lokale nær deg. Vi treng lokale arrangører for å kunne reise rundt med denne jubileumsfilmen, som har ei lengde på 70 minutt!
