Dei gamle filmane, bilda og lydopptaka tek etter kvart til å bli ubrukelege for deg og komande generasjonar.

Det er to grunner til dette

  1. Det fysiske materialet som ber informasjonen, vert brote ned.
  2. Avspeling vert etter kvart umogeleg. Gamle maskiner som 8 mm, framvisarar, video og avspelingskamera sluttar å verke.

Tenk over om du eller nokon i familien har gamle minne liggande i huset. Om så er, er tida overmogen for ein "bergingsaksjon".

facebook Facebook

pdf Brosjyre Filmdigitalisering

 

Filmdigitalisering AS


Filmdigitalisering blei etablert i 2000 og er i dag eit av få norske firma som har spesialisert seg på digitalisering av historiske format innan lyd, bilde og film.

Vi leverar til private kundar, firma og organisasjonar. Eksempelvis NRK, Norsk Sjøfartsmuseum og fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Maskinparken består av moderne filmskannere av ypperste kvalitet. Vi har utstyr til å digitalisere dei fleste typar format av lyd, bilde og film. Om noko så utruleg skulle hende att vi ikkje har utstyr til eit svært skjeldan format, har vi samarbeidspartnarar både innanlands og utanlands.

Bilde under syner ein av fleire skannarar vi har i vårt studio. Maskina omformar 8mm, Super 8 og 9,5mm, med og utan lyd, til digital HD fil. Utstyret er kostbar og leverar høg kvalitet på alle plan.

Med slike avanserte maskiner i arbeid, er Filmdigitalisering AS blant dei fremste i landet på å digitalisere spole-film. MWA sende personell frå fabrikken i Berlin til vårt studio i Innvik for installering, og opplæring av bruker.

44nfwa9i52


Din tryggleik

Materialet blir lagra tørt, lysfritt og brannsikkert. Filmar og lysbilde som vert digitalisert, blir levert på usb – minne, eller ekstern harddisk. DVD/Blue-ray etter avtale.

Teieplikt er det viktigaste. Kunden kan vere trygg på at private filmopptak framleis er private. Opphavsretten til materialet tilhøyrer opphavspersonen eller arvingane deira.

Vil med dette ønskje deg velkomen som kunde, og vonar at dette kan hjelpe deg til ta vare på fortida for framtida.

Steinar Hilde
Dagleg leiar

 

Vi hjelper deg med konvertering frå ulike gamle analoge og digitale format.

Film
film
Lysbilder
lyd
Lyd
lyd

 
tv

Historiene og minna vert ført vidare. Dette er utruleg viktig, og er med på å gjere livet rikare for komande generasjonar..

Digitalisering
Er ein prosess der analoge signal vert konverterte til digitale signal.

Digitalt lagra opplysningar har den fordelen at signala ikkje vert svekka over tid, samt at lyd og bilde kan kopierast frå eitt Digitalalt medium til eit anna utan at kvaliteten vert svekka.

Dersom ein med mellomrom, for eksempel kvart 10. år kopierer informasjon til nyare medier, vil filmen/lyden i prinsippet bevares for all ettertid.